Søknad

Søknad om førarkort må gjerast på vegvesen.no så snart som mogeleg. For dei som tek førarkort fyrste gong, må dette gjerast min. 3 veker før ein kan ta teoriprøve. Fyrstegongssøkjar kan også søkja.

Når du har søkt, gå inn på søknaden din og gå til timebestilling. Der gjev du Haga Trafikkskule, Osterøy (Hatland) fullmakt til å bestilla førarprøve til deg. Så ordnar me resten.

Sperrefrist/skikka til å køyra

Personar som har gjort noko straffbart kan av politiet verta gjevne sperrefrist. Har du sperrefrist, har du heller ikkje lov å øvingskøyra verken privat eller v/trafikkskule. Som elev v/trafikkskule må ein vera "skikka til å køyra", det vil mellom anna seia at ein ikkje kan væra påvirka av alkohol eller anna berusande middel. Me vil her minna våre elevar om at promillegrensa er 0,2, og at dette også gjeld "dagen derpå".